Budsjettforslaget møtte motstand blant dei demokratiske representantane, som alle røysta «nei». Det gjorde òg enkelte republikanarar. Dermed vart pakken, som er verd rundt 912 milliardar kroner med dagens kurs, vedteken med 216 mot 214 røyster.
Forslaget blir no sendt vidare til Senatet, der det er venta å møta motstand. Det kan dryga til september før saka kjem opp til votering.
Ifølgje forslaget skal 60 milliardar dollar gå til hovudkvarteret til forsvaret, Pentagon, 13 milliardar skal gå til «nasjonale tryggingsbehov», 12 milliardar til bønder som slit med Trumps toll, og 10 milliardar skal brukast til valrelaterte program. Det siste er ein del av president Donald Trumps innsats for å stramma inn tilgangen til å røysta. Den breiare vallova kjent som Save America Act har førebels ikkje nok støtte til å komma vidare i den politiske prosessen.
USAs forsvarsminister Pete Hegseth sa i ei utspørjing i Senatet tysdag at krigen i Iran så langt har kosta 37,5 milliardar dollar.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #102052](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/mBTcz34YtJ8.jpg)



0 kommentarer