Ifølgje The Wall Street Journal vil avtalen vara i 30 år. Som ein del av avtalen vil amerikanske selskap få i oppdrag å byggja eit anlegg for å rika opp uran i Saudi-Arabia, på vilkår av at ei felles undersøking tilseier at det er formålstenleg.
Avtalen vil gi landet eit sivilt atomprogram, og ifølgje Trumps regjering vil han sørgja for milliardar av dollar i inntekter for den amerikanske atomindustrien.
– Dette vil tena amerikansk industri, arbeidarar og forsyningskjeder, samtidig som det bidreg til å dekkja Saudi-Arabias energibehov, heiter det i ei pressemelding frå det amerikanske energidepartementet.
Energiminister Chris Wright forsikrar at avtalen er i tråd med ikkje-spreiingsavtalar og tryggingsreglar rundt atomenergi. Den blir no send vidare til Kongressen, som skal gå gjennom han. Der har Republikanarane fleirtal, og det er ikkje venta at denne prosessen vil forseinka implementeringa av avtalen.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #102038](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/kZSbfcvVkz8.jpg)



0 kommentarer