Åtte av ulykkene i juli skjedde i samband med bading. To personar omkom i samband med ferdsel i fritidsbåt, éin under fridykking og éin i ei ulykke med elvebrett, viser tala frå Redningsselskapet.
Alle som omkom i juli, var menn. Fire av dei åtte som mista livet under bading, var 70 år eller eldre. Også i juli i fjor var bading den vanlegaste ulykkestypen, og mange av dei omkomne var eldre.
– Vi ser det same mønsteret fleire somrar på rad: Mange av dei som omkjem under bading, er eldre. Sjølv med god erfaring kan dagsform, helse og forholda i vatnet påverke kva ein meistrar, seier fagsjef for drukningsførebygging Tanja Krangnes i Redningsselskapet i ei pressemelding.
– Når ulykkesmønster gjentek seg, må det få konsekvensar for førebyggingsarbeidet. Innsatsen må i større grad rettast mot vaksne og eldre, og mot trygg aktivitet i sjø, vatn og elvar, seier ho.
Noreg har ein nullvisjon og ein nasjonal handlingsplan for å førebyggje drukningsulykker.
– Handlingsplanen må følgjast opp med tydeleg ansvar, finansiering og konkrete tiltak. Skal vi redusere talet på drukningsulykker, må innsatsen vere langsiktig og koordinert både nasjonalt og lokalt, seier Krangnes.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #105753](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/c6CyTl-L6Tg.jpg)



0 kommentarer