Ifølgje Klassekampen kjem forslaget i kjølvatnet av ei NRK-sak om at eldre betaler tusenvis av kroner i månaden for privat omsorgshjelp – noko som skaper bekymring for eit klasseskilje i eldreomsorga.
– Vi vil prøve nedskriving av studielån for studentar som kan vere besøksvenn. Det er mange slike grep ein kan ta. Eg meiner det er urovekkjande slik det er no, seier Kjersti Toppe, Sps andre nestleiar, til Klassekampen.
Verken Framstegspartiet (Frp) eller Raudt avviser forslaget frå Sp, men meiner det viktigaste er å styrkje økonomien i den offentlege eldreomsorga. Helsepolitisk talsperson for Frp Kristian Eilertsen meiner kommunane må få øyremerkte midlar til eldreomsorg, medan Remi Sølvberg i Raudt peikar på at Kommune-Noreg slit med å gi lovpålagde tenester.
– Vi har eit Kommune-Noreg som er skrelt til beinet, seier Sølvberg.
Arbeidarpartiets Agnes Nærland Viljugrein, som sit i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget, ønskjer ikkje å kommentere forslaget, men er uroleg for auka klasseskilje blant eldre.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #105725](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/TImbzq2lT7Y.jpg)



0 kommentarer