(NTB-NPK): «The Odyssey» beheldt førsteplassen på kinotoppen i USA i si andre veke og har no tent inn 640 millionar dollar på verdsbasis.
Allereie i opningshelga spelte storfilmen inn dei 250 millionar dollarane det kosta å produsere filmen. No har Christopher Nolans stjernespekka storfilm, basert på Homers episke dikt, spelt inn heile 640 millionar dollar på verdsbasis etter berre to veker, ifølgje nyheitsbyrået AFP.
Berre i USA tente han inn 124 millionar dollar i den første veka, medan i den andre veka var inntektene på 87 millionar dollar.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #103083](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/5CW7LddgLTE-1.jpg)



0 kommentarer