(NPK–NTB–Reuters): Tre sivile skal vere drepne og to til såra i eit angrep mot den russiskokkuperte Krym-halvøya natt til måndag, ifølgje russisk guvernør. Angrepet er ikkje stadfesta frå uavhengige hald.
Det opplyser Sergej Aksjonov, den Moskva-utnemnde guvernøren på halvøya, måndag.
Ukrainske styresmakter har førebels ikkje kommentert påstanden.
Russland annekterte Krym i 2014 og har sidan 2022 brukt halvøya som forsyningsbase i krigen mot Ukraina.
(©NPK)




0 kommentarer