(NPK-NTB): Akkumulert dødelegheit i lakseoppdrett går ned nasjonalt. Dødelegheita i første halvår av 2026 er berekna til 5,8 prosent. Tilsvarande tal for første halvår var 7,3 prosent i 2025 og 8,8 prosent i 2024.
– Halvårstala støttar opp under ei positiv utvikling med nedovergåande dødelegheit nasjonalt, og vi håpar at det viktige arbeidet for auka overleving og fiskevelferd held fram, skriv avdelingsdirektør Ingunn Sommerset i ei pressemelding frå Veterinærinstituttet.
Tala er berekna etter Veterinærinstituttets metode, baserte på dei månadlege rapportane til oppdrettarane til Fiskeridirektoratet.
I første halvår 2026 vart cirka 22,7 millionar laks meldt tapte. Av dette var cirka 19,1 millionar død fisk.
Dødelegheita i første halvår av 2026 er tilsvarande eller lågare enn i 2025. Første halvår av 2025 var prega av algeoppblomstringar og virussjukdommen infeksiøs lakseanemi (ILA).
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #112363](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/opyTwwBEGms.jpg)



0 kommentarer