Person omkom i frontkollisjon i Sveio

av | 10. august 2026 | 0 kommentarer

Éin person er stadfesta død og éin person er kritisk skadd etter at to bilar frontkolliderte på E39 i Bømlafjordtunnelen i Sveio i Vestland.

Dei pårørande er varsla.

Fem personar var involverte i ulykka. Det er førebels ukjent kva som har skjedd.

– Det vil etterforskinga vise, seier operasjonsleiar Rune Tallaksen i Sørvest politidistrikt til NTB like før klokka 14.

Personen som er kritisk skadd, er frakta til Haukeland universitetssjukehus i Bergen, medan tre blir frakta til Haugesund traumemottak, opplyser Tallaksen.

Hendinga skjedde inne i tunnelen på Haugesund-sida. Tunnelen stengde som følgje av ulykka, men er no opna igjen. Tidlegare vart det meldt at éin person sat fastklemt i ein av bilane, og at to luftambulansar vart sende til staden.

Nødetatane melde om ulykka klokka 12.29.

(©NPK)