Ny analyse: Vegprising kan gi 40 milliardar i samfunnsgevinst

av | 18. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Vegprising blir trekt fram som det mest samfunnsøkonomisk lønnsame grepet styresmaktene kan gjere for trafikken i ein ny rapport frå Menon Economics.

Gevinsten kan bli så høg som 40 milliardar kroner, ifølgje rapporten.

Vegprising inneber at prisen blir utrekna ut frå kor langt, kvar og når på døgnet ein køyrer, og kor mykje køyretøyet forureinar.

Det blir trekt fram som det mest samfunnsøkonomisk lønnsame grepet når det gjeld trafikk, kjem det fram i ei pressemelding frå Sintef om rapporten.

Mindre kø

Konsulentselskapet Menon Economics har studert effektane av 46 forskingsprosjekt innan trafikk.

Gevinstane frå systemet kjem gjennom redusert kø, betre trafikktryggleik, lågare utslepp og moglegheiter for eksport av norsk teknologi, ifølgje forskinga.

Prosjektet byggjer vidare på fleire års samarbeid mellom Sintef, Q-Free og Statens vegvesen. Teknologien er utvikla for å kunne ta i bruk digitale løysingar som skal gjere det mogleg å prise køyring meir presist og rettferdig enn dagens bompengesystem.

Skrota av regjeringa

Kor lønnsamt vegprising eventuelt blir, avheng i stor grad av politiske avgjerder, ifølgje Menon Economics.

I 2025 reagerte Oslo Frp kraftig på planane til byrådet om å innføre vegprising og meinte at dette er endå eit tiltak som rammar bilistane unødvendig hardt. Samferdselspolitisk talsperson Ingeborg Bjørnevik meinte at Høgre svikta sine eigne veljarar ved å støtte dette forslaget.

Ap/Sp-regjeringa med finansminister Trygve Slagsvold Vedum i spissen skrota eit forslag om vegprising i 2024.

Arbeidsgruppa som greidde ut saka, foreslo ei ny ordning der elbilar måtte betale ut frå kor langt dei køyrde i året. I tillegg foreslo dei ei vegbruksavgift for tunge køyretøy basert på køyrelengd i ulike soner i by og på landeveg.

– Då blir det dyrare å køyre elbil på vegane. Det er det som kjem til å skje i praksis, sa Vedum den gongen.

(©NPK)