Virke og Filmforbundet samde – «Skal vi danse»-sesongen redda

av | 18. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Virke og Filmforbundet er samde i tariffoppgjeret for TV-underhaldningsområdet i år. Dimed blir det ikkje streik i TV-bransjen.

Semja kom etter mekling fem timar på overtid hjå Riksmeklaren natt til tysdag.

– Vi er glade for at vi har komme fram til ei løysing og at vi unngår ein konflikt som ville fått konsekvensar for produksjonsselskap og tilsette over heile landet, seier forhandlingsleiar Trond Teisberg i Virke.

Virke opplyser at forhandlingane har vore krevjande, men konstruktive, og at begge partar har strekt seg langt for å komme fram til ei løysing.

Risikerte TV-stans

Dersom partane ikkje hadde vorte samde, ville TV-arbeidarar i fleire produksjonar, mellom anna «Farmen kjendis», «71 grader nord kjendis», «Skal vi danse», «Fra bølle til bestevenn» og «Kokkeskolen», vorte tekne ut i streik.

Filmforbundet er også glad for semja.

– Vi er glade for å ha komme i mål, og for at TV-arbeidarane no får ei lønn som betre reflekterer uvissa prosjekttilsetjingar inneber, seier Elisabeth O. Sjaastad, forbundsleiar i Filmforbundet.

Resultatet vil bli sendt ut til uravstemming blant medlemmene i forbundet.

– Framleis utfordringar

Sjaastad understrekar at semja ikkje løyser alle utfordringar bransjen står overfor.

– Det står framleis att mykje arbeid for å sikre ein berekraftig TV- og filmbransje. Men denne avtalen er eit viktig steg vidare, og vi er glade for at vi kom dit utan streik, seier ho.

(©NPK)