Ap slaktar gasskraftverkforslaget til Frp: – Risikerer tyske straumprisar

av | 18. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-Daniel Lundby Olsen-Marius Helge Larsen): Norske straumkundar vil få ei sjokkrekning viss Framstegspartiet får viljen sin med å byggje gasskraftverk, åtvarar Arbeidarpartiet.

– Det å mate inn straum laga av gass i eit system som har låge straumprisar… Det er det dummaste du gjer om du er oppteken av låge kraftprisar, seier leiaren i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Mani Hussaini (Ap), til NTB.

Han ristar på hovudet av signala frå Kristoffer Sivertsen i Frp, som måndag gjekk ut og ville ha nye gasskraftverk på norsk jord for å demme opp for framtidig kraftmangel. Han peika då på Kårstø og Nord-Jæren som ein eigna stad.

– Det er ironisk at Frp tek til orde for gasskraftverk. Dei sat i regjering då det siste gasskraftverket på Kårstø vart lagt ned, seier Hussaini.

– Grunnen til at det vart lagt ned, er den same grunnen til at ingen tek til orde for å byggje ut gasskraft i dag: Det er svinedyrt.

– Berre å søkje

Hussaini peikar på mekanismane på straumbørsen, som gjer at dei som produserer den dyraste straumen, er med på å fastsetje prisane.

– Viss Frp meiner alvor med dette og får bygd gasskraftverk, vil det smitte over på alle andre. Det vil sende ei sjokkrekning til hushalda og til næringslivet. Vi risikerer tyske straumprisar, seier han.

Hussaini peikar på at det ikkje er noko i vegen for aktørar som vil byggje gasskraftverk i Noreg i dag.

– Det er berre å søkje. Men det er absolutt ingen i norsk næringsliv eller industri som har teke til orde for å bruke gasskraftverk for å produsere meir straum. Det er igjen fordi det er svinedyrt.

– Kjempeforureinande

I tillegg peikar Ap-politikaren på klimaaspektet:

– Gasskraftverk er jo kjempeforureinande. Med den sommaren vi har bak oss, med alle skogbrannane, med ekstremvarme vi ser rundt omkring. Då tenkjer eg at ein kanskje bør sjå på løysingar som ikkje bidreg til å forverre situasjonen.

Alt i alt meiner Ap-politikaren at kraftløysingane til Frp ikkje held mål.

– Dei har foreslått eit luftslott av ein kraftplan. Den eine løysinga er kjernekraft. Ei løysing som kanskje ligg 10-15 år fram i tid, som ingen veit kva kostar, og som er heilt avhengig av subsidiar.

– Den andre er eit kjempedyrt og forureinande gasskraftverk.

Frp: – Frekkheitas nådegåve

Kristoffer Sivertsen i Frp avviser kritikken og kallar han fullstendig feilslått.

– Arbeidarpartiet har frekkheitas nådegåve som kritiserer Frp for at vi ønskjer å opne for nye energiløysingar. Regjeringa er i ferd med å påføre Noreg ei kraftkrise og aksepterer at vi importerer både kraftunderskot og tyske straumprisar, seier han til NTB.

Sivertsen viser til at Equinor allereie investerer milliardbeløp i gasskraft utanlands, og at det er stor interesse for norsk gass i utlandet.

– Ap godtek heller at jobbar og verdiskaping som vi kunne hatt i Noreg i staden, blir bygd opp i Europa med norsk gass. Det er ingen klimagevinst i å miste industri frå Noreg til EU. Det flyttar berre utslepp.

MDG: – Frp på sitt dummaste

Forslaget til Frp har også vorte møtt av ei kald skulder av andre parti.

Frøya Skjold Sjursæther i MDG meiner det er «fullstendig røyndomsfjernt» å seie ja til gasskraftverk, men nei til vind- og solkraft.

– Dette er Frp på sitt aller dummaste. Dei kastar seg rundt for å heie fram dyr, fossil forureining, samtidig som dei har allergi mot billig og utsleppsfri fornybar energi, seier ho til NTB.

Ho meiner politikken til Frp vil gi fleire hetebølgjer, skogbrannar og fleire menneske på flukt.

– Kårstø vart nedlagt fordi gasskraft er eit økonomisk sluk som er heilt sjanselaust mot billig fornybar energi. Du kan gjerne vere for gasskraft, og du kan gjerne vere mot sløsing, men du kan ikkje vere begge delar samtidig.

Også Lars Haltbrekken i SV har rykt ut mot forslaget:

– Etter hetebølgjene, brannane og dødsfalla i sommar i Europa som ei følgje av klimakrisa, må det vere totalt uaktuelt å byggje forureinande gasskraftverk, seier han.

(©NPK)