I talen sin etter at han vart vald til ny partileiar i det sosialdemokratiske Labour-partiet, sa Burnham at britiske borgarar og lokalsamfunn har venta for lenge på politikk som kan la dei vona igjen.
– Det er det me vil gjera for alle. Me vil gi dei vona tilbake, sa den nye Labour-leiaren.
I dag etterfølgjer han Keir Starmer og blir dermed den sjuande statsministeren til britane på ti år. Burnham vart første gong vald inn i Parlamentet i 2001, har hatt fleire stillingar i regjeringa til Gordon Brown og var mellom anna helseminister frå 2009.
Starmer skal halda ein siste tale utanfor statsministerbustaden i Downing Street 10 før både han og Burnham møter kong Charles på Buckingham Palace i dag. Der leverer Starmer avgangssøknaden, medan det er venta at kongen ber Burnham om å danna regjering.
Labour har eit stort fleirtal i Parlamentet. Det neste valet må haldast innan hausten 2029.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #101047](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/QFfTceX3Lmk.jpg)



0 kommentarer