Leiarar frå heile verda samlast i september i New York under FNs hovudforsamling.
Dersom Netanyahu eller Russlands president Vladimir Putin møter opp, vurderer ordføraren i New York å beordra dei pågripne.
Mamdani viser til at Den internasjonale straffedomstolen (ICC) i Haag har skrive ut arrestordre på Netanyahu.
Det har domstolen grunngitt med at det er rimeleg grunn til å tru at han har vore ansvarleg for krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeslekta i Gaza.
ICC har også skrive ut arrestordre på Putin som følgje av Russlands angrepskrig mot Ukraina.
Vurderer moglegheita
Mamdani opplyste laurdag at han har bede New Yorks juridiske team om å vurdera moglegheita for pågriping av etterlyste utanlandske leiarar, først og fremst om han sjølv har styresmakt til å beordra politiet til å gjera det.
Det er ikkje kjent kva juristane konkluderer med.
– Eg meiner statsminister Netanyahu høyrer heime i Haag. Han er ein krigsforbrytar som er tiltala av Den internasjonale straffedomstolen, sa Mamdani til The New York Times.
Rasar over trusselen
Netanyahus kontor rasar over trusselen frå ordføraren i New York.
– Herr Mamdani bør fokusera på å reparera skadane politikken hans har påført New York, heiter det i ei fråsegn på X.
– Til liks med Karim Khan ser Mamdani ut til å vera interessert i å avleia merksemda til offentlegheita frå eigne tabbar og angripa leiaren av den jødiske staten og det einaste demokratiet i Midtausten, heiter det vidare.
ICCs sjefsetterforskar Karim Khan er skulda for to tilfelle av utilbørleg seksuell oppførsel og har valt å tre til side i påvente av ei gransking. Han avviser skuldingane.
– Kengururett
Netanyahus kontor kallar arrestordren mot Netanyahu «falsk».
– ICC er ein kengururett som ikkje har jurisdiksjon over amerikanarar eller israelarar, heiter det i uttalen.
President Donald Trump hevdar ICC utgjer ein trussel mot amerikansk suverenitet og har mellom anna innført sanksjonar og innreiseforbod mot ni av dommarane i domstolen og Karim Khan.
Tidlegare i månaden varsla utanriksminister Marco Rubio at USA vil leggja press på andre land for å få dei til å trekkja seg frå ICC, noko både Noreg og EU reagerer sterkt på.
– Rubios seinaste utsegner er høgst urovekkjande, sa utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) til NTB tysdag.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #100965](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/O4I0NuzQpRM.jpg)



0 kommentarer