Hovland og Kove laga bok om krig for barn

av | 26. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-Gitte Johannessen): Johannes Jensen, ei krokodille som er akkurat som oss, blir i den nye biletboka send i krigen. Er ikkje det sterk kost for små lesarar?

Forfattar Henrik Hovland og illustratør Torill Kove har tidlegare laga fire bøker om Johannes Jensen saman. Han har kjent seg annleis, funne kjærleiken og opplevd mirakelet det er å bli pappa. Etter ein pause på ti år kom han tilbake og tok nattoget.

I den nye boka «Johannes Jensen og krigen» må likningsfunksjonæren og familiefaren rett og slett trekkja i uniform og skyta på ein fiende han ikkje ser.

– Vi har snakka om denne boka i sikkert ti år, trur Torill Kove og legg til at det var «før det kom fleire krigar nærare oss».

– Krigane kjem så tett på. Stadig yngre barn får dei inn via ulike nyheitsmedium. Denne boka er dessverre endå viktigare no enn for berre nokre få år sidan, seier Henrik Hovland.

Mange er redde

Han trur mange barn blir urolege og fortel at han høyrer at barnehagebarn ofte stiller spørsmål om krig – nokre gonger spørsmål som dei ikkje tør å stilla heime. Kove utdjupar:

– Mange av spørsmåla er umoglege eller utfordrande å svara på. Og den generasjonen som er foreldre og besteforeldre i dag, er nære nok til å ha opplevd krig eller vore redde for at det skulle bli krig. Sjølv var eg livredd for at det skulle bli krig fordi eg såg avisbilete frå Vietnam, og det sit igjen, fortel ho:

– Eg lurer på om folk kvir seg for å snakka med barna sine om krig fordi dei sjølv ber på minne om kor skummelt det var å vera liten og sjå at det skjer – men ikkje heilt forstå kva det er.

Hovland diskuterte barns oppleving av krig med ukrainske forleggjarar og barnebokforfattarar då han besøkte Kyiv i mai i år.

– Erfaringane deira er at det er viktig å snakka med barna. At ein ikkje må prøva å skjula røyndommen for dei. For då kan dei finna på fantasifulle forklaringar som er meir skremmande, seier Hovland, som håpar biletboka gjer det lettare å snakka med barn om eit vanskeleg tema.

Julevåpenkvila

Ambisjonen med «Johannes Jensen og krigen» var å forklara krig for barn frå fem–seks år og oppover på ein måte som er ærleg og sannferdig, men som samtidig gir håp.

– Handlinga er inspirert av «The Christmas Truce», den spontane våpenkvila som oppstod mellom britiske og tyske soldatar på Vestfronten jula 1914. Soldatar frå begge sider klatra ut av skyttargravene, møttest i ingenmannsland, spelte fotball og song mellom anna julesongar saman.

– Mange av dei landa som slåst mot kvarandre den gongen, er allierte og samarbeidspartnarar i dag. Det gir håp og viser ein veg vidare.

Humanistisk bodskap

I boka oppdagar Johannes Jensen at fienden som han først ikkje får auge på, eigentleg er akkurat som han – som ofte har kjent seg så annleis. Det er eit vendepunkt i boka, ifølgje Hovland og kjernen i ein humanistisk bodskap: at fienden er som deg sjølv.

Som frilansjournalist under krigar i Mellom-Amerika, på Balkan og i Irak har Henrik Hovland sett sitt. «Johannes Jensen og krigen» er tileigna Alex, «drept ved siden av meg i kamp, 15 år gammel». Det var i El Salvador i 1990, der nordmannen opplevde borgarkrigen frå begge sider, slik han også gjorde i Guatemala.

– Noko av det viktigaste eg lærte, var at det var bondegutar, ofte rekrutterte med tvang, som slåst på begge sider. Eg budde med dei i felten i veker av gongen, tett på dei, og såg kor mykje dei likna kvarandre. Erfaringa brukte eg i boka til å la Johannes Jensen erfara at fienden «er jo som meg».

Alvor og humor

Bodskapane i «Johannes Jensen og krigen» blir forsterka av Torill Koves teikningar, som byr på mange detaljar utanom teksten. Den første boka deira saman, «Johannes Jensen føler seg annerledes», kom ut i 2003 – fire år før Kove fekk sin første Oscar for kortfilmen «Den danske dikteren».

– Eg likte streken til Torill, særleg humoren. Også i denne boka fortel vi ei alvorleg historie, men med humor, seier Hovland og peikar på ei rekke detaljar i teikningane.

– Torill er fantastisk dyktig til å skapa miljø som er truverdige, og der små presise detaljar og rekvisittar er med og fortel historia eller fortel parallelle historier.

Så blar han opp på den nest siste sida, der den vennlege krokodilla er tilbake i eiga seng med si kjære Frida. Hovland les høgt kva ho svarer når Johannes Jensen spør kva ein kan gjera for å få slutt på krig.

«Vi må alltid lete etter løsninger. Og hvis noen er veldig slemme, må vi aldri la dem vinne. Nei, det er ikke lett. Men alle kan gjøre noe. Og står vi sammen og hjelper hverandre, så klarer vi det».

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar