Framstegspartiet gjer sin nest beste månad nokosinne med 30,2 prosent på gjennomsnittsmålinga for august på nettstaden Poll of polls. Berre juni i år var høgare.
Høgre går berre marginalt opp frå førre månad og får ei oppslutning på 15 prosent.
Gjennomsnittsmålinga baserer seg på sju målingar utførte for norske medium i august, og med feilmarginar frå pluss/minus 0,4 til 1,1 prosentpoeng.
Ine-effekten lèt vente på seg
Ine Eriksen Søreide har markert seg i fleire saker etter sommarferien. Ho klargjorde at Høgre ikkje vil støtta ei forlenging av avgiftskutt i pumpeprisane – noko som også vart møtt med ein del motstand i eige parti.
I debatt med Frp-leiar Sylvi Listhaug åtvara ho mot uansvarleg pengebruk og populisme i støtteordningar.
Eriksen Søreide fekk også skryt frå politiske kommentatorar for å ha klart seg bra i partileiardebatten i Arendalsveka.
Men sjølv om Høgre-leiaren har vore tydelegare til stades, har det ikkje bevega veljarar i noka særleg grad, oppsummerer valforskar Johannes Bergh.
– Det har ikkje skjedd noko særleg med oppslutninga for Høgre. Snarare tvert imot – partiet låg høgare i vekene rett etter at Eriksen Søreide overtok. Eg kan ikkje sjå teikn i desse tala til at ho tek tilbake nokre veljarar, seier Bergh til NTB.
Høgres utfordring ligg i at partiet har mista veljarar til både Arbeidarpartiet og Frp, meiner han. Dermed opplever partiet ein skvis.
– Dei har kanskje klart å få nokon tilbake frå Arbeidarpartiet, men ikkje nok til at det betyr noko, seier han.
Treng ikkje Venstre
Overordna teiknar gjennomsnittsmålingane eit bilete av eit svært stabilt partilandskap.
– Det har me sett gjennom fleire månader. Det er ingen dramatiske endringar, og det er eit bilete som er veldig gunstig for Frp, seier Bergh.
Målinga gir eit borgarleg fleirtal, men Framstegspartiet og Høgre klarer det ikkje utan hjelp frå minst eitt av samarbeidspartnarane Venstre eller KrF. Sidan Frp og Høgre saman får 83 mandat, ville det vera nok med støtte frå berre eitt av dei to partia for å nå fleirtalsgrensa på 85. Dermed ville Frp og Høgre klara seg utan Venstre, som har erklært at partiet ikkje kan støtta ei regjering med Listhaug som statsminister.
Både KrF (3,6 prosent) og Venstre (3,3 prosent) må konstatera at dei har hamna under sperregrensa igjen, etter at dei låg like over i juli.
– Dei slit med sperregrensa, og det har dei gjort sidan valet i fjor. Nokre månader ligg dei like over, av og til er dei like under, seier Bergh.
Raudt størst av samarbeidspartnarane
Det er ganske jamt mellom blokkene, men lite rørsle også på den raudgrøne sida. Ap går bitte litt opp til 22,8, SV ligg uendra på 5,1 og Senterpartiet aukar noko til 5,2 prosents oppslutning. MDG er framleis på rett side av sperregrensa (4,2 prosent), sjølv om partiet går noko tilbake.
Raudt er framleis det største partiet blant Aps budsjettpartnarar. Partiet får 7,6 prosent på augustmålinga, noko som ville gitt dei ei stortingsgruppe på 13 ved val.
Bergh noterer seg at det framleis er partia på ytterkanten som står sterkt.
– Om det er uttrykk for ei polarisering, det kan ein godt seia. Me ser at både Frp og Raudt gjer det bra, seier han.
I løpet av det siste året har Raudt klart å gå forbi dei andre småpartia på raudgrøn side.
– Raudt har lykkast med å vinna over mange veljarar, medan resten gjer det relativt dårleg, oppsummerer valforskaren.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #112771](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/55fsSnZcDF8.jpg)



0 kommentarer