Frp-topp meiner hetsefokus skremmer folk frå å delta i samfunnsdebatten

av | 18. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Jon Helgheim i Frp meiner negativt fokus på hets skremmer folk frå å delta i samfunnsdebatten. – Tonedøvt, meiner Høgre-nestleiar Ola Svenneby.

Temperaturen var høg då dei to toppolitikarane barka i hop i politisk kvarter hjå NRK tysdag. Bakteppet er ein ny runde med hets mot AUF-leiar Gaute Skjervø etter at han uttalte at det er ein skandale at nettstaden Document er medlem av Norsk Redaktørforening og får pressestøtte.

Også tidlegare har Skjervø fortalt at han har fått enorme mengder hets og drapstruslar. Arbeidarpartiet har fått over 30.000 hat- og trusselmeldingar.

Statsminister Jonas Gahr Støre har bede PST om å følgje med på hetsen Skjervø har fått. AUF-politikaren har no fått valdsalarm på grunn av situasjonen.

– Han får drapstruslar som er av ein art vi ikkje har sett i Noreg nokon gong. Eg blir forbanna og opprørt når eg høyrer det, sa han til Adresseavisen i starten av månaden.

Åtvarar mot å dyrke det negative

Leiar av justiskomiteen på Stortinget, Jon Helgheim (Frp), åtvarar likevel mot å dyrke det negative i politikken, og meiner ein bør snakke mindre om det.

I Politisk kvarter reagerte tidlegare Unge Høgre-leiar og no Høgre-nestleiar Ola Svenneby på utspelet frå Frp.

– Det er tonedøvt å seie av Frp.

Vidare meiner Svenneby at kostnadene for å delta i samfunnsdebatten for enkelte kan bli for høge til at folk opplever det som ein forsvarleg stad å vere.

– Det er ein dårleg start å undervurdere konsekvensane slik Jon Helgheim gjer her, seier Svenneby.

Svenneby peikar på at Utøya-overlevande er blant dei som får mest truslar, og meiner Helgheim ikkje tek dei 30.000 meldingane på alvor. Svenneby tok også Skjervø i forsvar i eit lengre Facebook-innlegg måndag.

Uakseptabelt med slike meldingar

Helgheim understrekar på si side at meldingane er uakseptable og at partia står saman om at slikt ikkje er greitt.

Samtidig står han fast på at for mykje merksemd om hetsen i seg sjølv kan ha ein skremmande effekt.

– Vi har eit ansvar for å ikkje skremme folk frå å delta i samfunnsdebatten. Det er trass alt det beste landet i verda å drive politikk i, det skal vi vareta, seier Helgheim.

Han meiner debatten handlar om at Skjervø vil stenge kommentarfelt og styre pressestøtta.

– Då fryktar eg at Skjervø skremmer folk frå å delta i samfunnsdebatten, seier Frp-politikaren.

(©NPK)