FpU-leiar Lars Barstad Løvold trekkjer seg

av | 20. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Leiar Lars Barstad Løvold (24) i Framstegspartiets Ungdom (FpU) trekkjer seg som leiar etter påstandar som er retta mot han i ei varslingssak.

Det opplyser han sjølv i eit innlegg på Facebook onsdag kveld. Løvold, som er frå Ålesund, har vore leiar i FpU i berre fem månader etter at han overtok som leiar på landsmøtet i ungdomspartiet i april.

– Eg trekkjer meg som leiar. Eg kjenner meg på ingen måte att i dei påstandane som er retta mot meg, men slik denne saka har utvikla seg, så er det vanskeleg å halde fram som leiar, skriv Løvold.

TV 2 melde tidlegare denne veka at det er kalla inn til møte i organisasjonsutvalet i Framstegspartiets Ungdom (FpU) for å behandle eit varsel mot Løvold.

Varselet vart sendt inn like før sommarferien av leiaren i eit av fylkeslaga i ungdomspartiet til FpUs generalsekretær Maia Søe Paulsen, erfarte TV-kanalen. Ungdomspartiet stadfesta onsdag overfor VG at dei hadde fått eit varsel som omhandla Løvold.

Løvold skriv i Facebook-innlegget at politikk framleis er hans største lidenskap, og at han ønskjer å bli verande i partiet og byggje opp att tilliten.

Han avsluttar med at han ikkje vil gi fleire kommentarar eller stille til intervju dei næraste dagane.

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar