– Vi er vande til å få kjeft, det er noko ein må tole med den jobben ein har. Men den fysiske valden har auka. Det å gle seg til å gå på jobb, er det nok ikkje alle som gjer lenger, seier fungerande leiar Gorm Jøraholmen i Konduktørane sitt landsråd til NRK.
Han forstår at dei reisande blir oppgitte over stadig nye feil som igjen fører til kaos. Også torsdag er det forseinkingar på grunn av ein feil på Skøyen. Men når konduktørane blir skyteskive, blir terskelen for å bli heime mykje lågare, ifølgje Jøraholmen.
– Vi stiller ikkje opp i same grad som før. Ein vil mindre. Ein orkar ikkje meir, seier han.
Dermed blir det endå fleire innstillingar og forseinkingar. Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) er krystallklar på at konduktørane må få sleppe hets:
– Det er ikkje akseptabelt at det går utover dei tilsette. Dei gjer ein fantastisk jobb, ofte i krevjande omstende. Vi må alle tenkje på at når det fell ned ein køyreleidning eller noko anna skjer, er det ikkje konduktørane eller andre om bord som skal få skulda for det.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #110781](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/0tMsNqYWlo8.jpg)



0 kommentarer