Prisen på ein liter bensin auka med over 6 prosent frå ein snittpris på 18,43 kroner i juni til 19,59 kroner i juli, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Dieselprisen auka med 7,66 prosent per liter, frå ein snittpris på 18,81 kroner i juni til 20,25 kroner i juli.
Samanlikna med same månad i fjor, før dei mellombelse avgiftskutta, var bensinen 7,64 prosent billigare i juli i år, og dieselen var 2,13 prosent billigare.
Regjeringa kutta avgifter på drivstoff i to rundar i vår. Frå og med 1. april i år vart vegbruksavgifta sett til null, noko som gjorde at spesielt bensinprisen sokk med fleire kroner over natta.
1. mai tredde forskrifta om redusert CO2-avgift i kraft, og pumpeprisane sokk ytterlegare.
Dei mellombelse avgiftskutta gjeld fram til 1. september, og det går føre seg ein stor politisk debatt om dei skal forlengjast.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #110830](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/M5vkf4ORTfs.jpg)



0 kommentarer