Eide støttar måten Spania har handtert Ceuta-krisa på: – Nesten uhandterleg situasjon

av | 4. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-Reuters-AP): Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) seier at migrantstraumen til den spanske eksklaven Ceuta var ein organisert og planlagd aksjon. Tysdag møtest EUs innanriksministrar for å diskutere korleis Europa skal møte liknande situasjonar.

Rundt 60.000 migrantar frå Marokko tok seg over grensa til den spanske eksklaven Ceuta før helga. Spanske styresmakter har registrert 80 omkomne på spansk side av grensa.

Overfor Adresseavisen uttrykkjer utanriksministeren støtte til spanske styresmakter.

Meiner Europa må førebu seg

– Det var ein nesten uhandterleg situasjon, som eg i ettertid vil seie at Spania handterte bra, seier han.

Eide peikar på at migrantstraumen ikkje var tilfeldig.

– Alle fingeravtrykk tyder på at dette var organisert og planlagt. Det er ikkje sånn at 60.000 menneske plutseleg blir samde om å symje over på same dag, seier han.

Han samanliknar situasjonen med då over 5.000 flyktningar kom syklande frå Russland til Storskog i 2015.

– Europa må førebu seg på hybride kampanjar som dette, seier Eide til avisa.

EU delt i forkant av møtet

EUs innanriksministrar møtest til eit videomøte tysdag klokka 10.00 norsk tid for å reflektere over migrantkrisa.

Italia og Danmark har gått lengst i den harde linja si, og Danmarks statsminister Mette Frederiksen har åtvara om at «ukontrollert innvandring utgjer ein trussel mot Europa».

Ifølgje Politico sa ein talsmann for det spanske utanriksdepartementet at forholdet deira til Marokko er framifrå, og at samordninga om migrasjon og andre spørsmål framleis er svært god.

Spanias statsminister Pedro Sánchez gjekk til motangrep i eit brev til EUs leiarar laurdag, der han angreip det han kalla ei «egoistisk» haldning frå andre EU-land.

Innan timar sende 22 land, leidd av Italia, Danmark, Tyskland og Ungarn, eit motbrev der dei kravde hastemøte med mål om å føre vidare ei hard innvandringslinje.

EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen har sett på møtet som eit høve til å trekkje «lærdommar» for eit «felles europeisk svar» på irregulær migrasjon.

(©NPK)