Dødstalet stig etter skred i Himalaya – hundrevis er sakna

av | 26. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-AFP-AP): Det store skredet som ramma grenseområda mellom Nepal og Tibet, har kravd minst 98 liv, og fleire hundre turistar frå fleire land er sakna.

På den nepalske sida av grensa vart det onsdag meldt om 95 omkomne og 384 sakna.

291 av dei sakna er utanlandske klatrarar og turistar, blant dei 142 frå India, 17 frå Malaysia, 12 britar og 8 frå Sør-Korea, som arbeidde med eit vasskraftprosjekt i rasområdet.

Fire sørafrikanarar er også sakna, tre amerikanarar, éin australiar, éin nederlendar og éin austerrikar, ifølgje turiststyresmaktene i Nepal.

Ingen opplysningar

Utanriksdepartementet i Noreg har så langt ikkje teke imot opplysningar som tyder på at norske borgarar er ramma av skred og flaum i Nepal, opplyser pressetalsperson Cecilie Roang i ein e-post til NTB.

– Om lag 30 norske borgarar har registrert opphaldet sitt i Nepal, og vi har sendt melding til desse, skriv Roang.

På Tibet-sida av grensa er det hittil meldt om tre omkomne og 265 sakna, ifølgje den statlege kinesiske kringkastaren CCTV.

Jordskjelv

Ifølgje lokale medium vart det store is- og jordskredet forårsaka av eit jordskjelv, som deretter utløyste flaum.

Det amerikanske jordskjelvinstituttet USGS målte skjelvet til 4,4.

Skredet kom rundt klokka 10.30 lokal tid onsdag og fekk Bhotekoshi-elva til å fløyma over.

Under vatn

Fleire landsbyar står under vatn og innbyggjarane er også bedne om å halda seg unna elvane Trishuli og Narayani.

Vegar i området er også sperra, straumen er gått, og kommunikasjonslinjer er brotne, ifølgje det kinesiske nyheitsbyrået Xinhua. Det gjer redningsarbeidet vanskeleg.

Kinas president Xi Jinping har bede om at alle ressursar blir sette inn, og visestatsminister Zhang Guoqing var onsdag på veg til staden.

(©NPK)