Meta har lenge vore skulda for å designe sosiale medium for å gjere barn avhengige av dei.
29 amerikanske delstatar gjekk nyleg til sak mot Meta og skulda selskapet for å byggje dei sosiale plattformene sine, blant dei Facebook og Instagram, for å hanke inn unge brukarar, villeie brukarane om risikoen og samle inn persondata om unge under 13 år i strid med personvernet. Selskapet har også møtt stadig sterkare press frå land over heile verda om å avgrense barn sin tilgang til sosiale medium
Saka enda med forlik, der Meta gjekk med på å betale nesten 17 milliardar dollar til delstatane, og dessutan avgrense bruken til unge av plattformene deira.
New Yorks justisminister Letitia James opplyser til CBS News at den økonomiske avtalen no vil hjelpe delstatar med å tilby psykiske helsetenester for unge og informere befolkninga om dei potensielle skadane ved sosiale medium.
Det store spørsmålet blir likevel korleis Meta skal gjennomføre dei nye avgrensingane og kva for nokre juridiske problem som kan oppstå.
Bursdagsfeiringar
Meta har erkjent at yngre brukarar kan lyge om alderen sin når dei opprettar kontoar. Meta har enno ikkje bede brukarane om aldersbevis, som til dømes legitimasjon med bilete. I staden seier selskapet at det ser etter andre teikn, som innlegg av feiringar av bursdagar eller av skulekarakterar – for å identifisere kontoar som blir brukte av barn.
No krev forliket at Meta gjer omfattande endringar knytte til brukarar under 18 år, som å innføre daglege bruksgrenser og deaktivere push-varsel om natta.
Det krev også strengare alderskontroll for unge brukarar, men pålegg ikkje Meta å ta i bruk strenge verifiseringstiltak som å sjekke legitimasjon med bilete eller be brukarar laste opp ein video-selfie.
Fleire grep
Forliket rettar særleg merksemd mot alderskontroll for barn under 13 år. Meta må ta ekstra grep – som å søkje gjennom vennenettverk til kontoane til dei yngste brukarane for å identifisere og fjerne dei.
Selskapet må også gjere det enklare for brukarar av sosiale medium å rapportere kontoar som er mistenkte å tilhøyre barn, og forliket opnar for at ein uavhengig revisor kan gå gjennom Metas arbeid med alderskontroll.
Forliket tillèt Meta, mellombels, å bruke noko data generert av barn. Dette materialet skal trene ein KI-modell til å oppdage brukarar under 13 år i framtida.
Juridiske hindringar?
Meta har tidlegare beskrive både juridiske og praktiske hindringar for strengare aldersverifisering, mellom anna har selskapet vist til ei føderal lov frå 1998 kalla Children’s Online Privacy Protection Act, eller Coppa.
Meta og andre liknande selskap har hevda at denne lova set dei i ein vanskeleg situasjon. Lova avgrensar moglegheita til å samle inn den typen data som påliteleg kan verifisere ein persons alder – som legitimasjon, biometrisk informasjon eller detaljerte register over nettaktivitet.
Ekspertar som arbeider for betre vern av barn på nett, har likevel hevda at Coppa blir brukte som ei unnskyldning for å unngå å ta ansvar i forhold til barn.
Personvernet til barn
Forliket har prøvd å finne ein balanse mellom personvern og alderskontroll, ved å krevje meir proaktive aldersverifiseringstiltak, utan å utløyse potensielle brot på Coppa.
Fleire amerikanske delstatar, som hadde saksøkt Meta med påstand om brot på personvern på nett, trekte desse krava som del av forliket.
Metas toppsjef Mark Zuckerberg har uttalt at aldersverifisering ville vere meir effektivt dersom det blei handtert av produsentar av mobile einingar.
Ei slik tilnærming er teken i bruk av ei lov i delstaten Texas, som krev at personar under 18 år må ha foreldres samtykke før dei lastar ned ein aldersregulert app på eininga si.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #115507](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/WyDosuWKALY.jpg)



0 kommentarer