Partimåling: Høgre under 15 prosent

av | 2. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Høgre får 14,9 prosent på ei ny partimåling frå Opinion. Særleg eldre veljarar sviktar partiet, der oppslutninga er 11,1 prosent blant dei over 65 år.

Opinion-målinga er utført på oppdrag for Altinget og ABC Nyheter. 1000 personar deltok i undersøkinga, som blei gjennomført mellom 24. og 29. august.

Høgre går opp 0,1 prosentpoeng frå august-målinga og er omtrent på nivået som ved krisevalet i fjor.

– Om det er noko overraskande i denne målinga, så er det kanskje at det ikkje skjer meir med Høgre, seier valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking til Altinget.

– Dei har skifta leiar og fått markert seg ganske mykje, sjølv om det sikkert kan vere ulike meiningar om dei har markert seg på ein positiv eller negativ måte. Men det er på det reine at Høgre har mista mange veljarar til Frp, som ikkje ser ut til å gå tilbake.

Frp er framleis det soleklare største partiet i landet med ei oppslutning på 31 prosent. Dei fell med 0,2 prosentpoeng på denne målinga.

Ap går opp 1,1 prosentpoeng til 22,8 prosent.

Resten av partia får følgjande oppslutning: Raudt: 7,8 (-1), MDG: 4,7 (+0,7), Sp: 4,6 (-0,3), SV: 4,3 (-0,4), Venstre: 3,4 (-0,1), KrF: 3,5 (+0,4), Andre parti: 2,9 (-0,3).

(©NPK)