Ny klimarapport frå FN – erkjenner at 1,5-gradersmålet ryk

av | 2. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK–NTB): Menneske si helse, mattryggleik, vassforsyning, byar og økonomiar er venta å bli påførte «alvorleg skade» i ei varmare verd, ifølgje ein ny rapport frå FNs miljøprogram (Unep).

Her erkjenner Unep at det høgst sannsynleg ikkje lenger er mogleg å avgrensa den globale oppvarminga til 1,5 grader.

– Denne sommarens brennande heite, kraftige skogbrannar og dødelege flaumar er ei åtvaring om kva som ventar, seier FNs generalsekretær António Guterres i ei fråsegn.

Å halda den globale oppvarminga under 1,5 grader har lenge vore eit av dei viktigaste erklærte klimamåla i verdssamfunnet. Ifølgje Unep peikar dei mest optimistiske scenarioa no i staden mot 1,8 grader.

Om ikkje store utsleppsland skjerpar klimatiltaka sine, går utviklinga i retning av 2,6 grader innan 2100.

I rapporten åtvarar Unep om konsekvensane etter kvart som temperaturen stig vidare forbi 1,5 grader. Menneske si helse, mattryggleik, vassforsyning, byar, infrastruktur, økonomiar og natur er venta å bli påførte «alvorleg skade», ifølgje FN-organisasjonen.

Han tek til orde for grep som kan pressa temperaturen ned att til 1,5-gradersgrensa – etter at denne grensa er passert. Éi moglegheit kan vera å utvikla ny teknologi for å suga klimagassen CO2 ut av lufta.

– Me må gjera overskridinga over 1,5 grader så liten og kort som mogleg, seier Guterres.

(©NPK)