Her erkjenner Unep at det høgst sannsynleg ikkje lenger er mogleg å avgrense den globale oppvarminga til 1,5 grader.
– Denne sommarens brennande heite, kraftige skogbrannar og dødelege flaumar er ei åtvaring om kva som ventar, seier FNs generalsekretær António Guterres i ei fråsegn.
På veg mot 2,6.
Å halde den globale oppvarminga under 1,5 grader har lenge vore eit av dei viktigaste erklærte klimamåla i verdssamfunnet. Ifølgje Unep peikar dei mest optimistiske scenarioa no i staden mot 1,8 grader.
Om ikkje store utsleppsland skjerpar klimatiltaka sine, går utviklinga i retning av 2,6 grader innan 2100.
I rapporten åtvarar Unep om konsekvensane etter kvart som temperaturen stig vidare forbi 1,5 grader. Menneskers helse, mattryggleik, vassforsyning, byar, infrastruktur, økonomiar og natur er venta å bli påført «alvorleg skade», ifølgje FN-organisasjonen.
Treng ny teknologi.
Unep tek til orde for grep som kan presse temperaturen ned igjen til 1,5-gradersgrensa – etter at ho er passert. Éi moglegheit kan vere å utvikle ny teknologi for å suge klimagassen CO2 ut av lufta.
– Vi må gjere overskridinga over 1,5 grader så liten og kort som mogleg, seier Guterres.
Unep-sjef Inger Andersen seier det ikkje finst nokon gode utfall dersom verda blir verande over 1,5-gradersnivået.
Oppvarminga kan ifølgje Unep passere dette nivået om nokre få år. Den nye rapporten blir beskriven som den første FN-rapporten som spesifikt dreier seg om overskriding av 1,5-gradersgrensa.
Vippepunkt.
Blant konkrete konsekvensar som Unep fryktar, er meir intenst ekstremvêr, tap av økosystem og overfløyming av lågtliggjande øystatar og kystbyar.
Det er også ein risiko for å passere såkalla vippepunkt, som destabilisering av store område med innlandsis, svekking av regnskogen i Amazonas og forstyrringar av havstraumane som bringar varmt vatn nordover i Atlanterhavet mellom anna mot Europa.
– Nokre effektar kan oppstå brått, medan andre vil byggje seg opp over tid, skriv Unep.
Nødvendig med tilpassing.
Om strategien basert på å suge CO2 ut av lufta vil fungere, er per i dag usikkert. Samtidig som Unep maner til innsats for å reversere delar av den globale oppvarminga, understrekar FN-organisasjonen også at samfunnet må tilpasse seg klimaendringane.
Det kan gjere samfunn og økonomiar mindre sårbare for noverande, varsla og uventa effektar av den globale oppvarminga.
Fleire miljøorganisasjonar reagerer sterkt på funna i rapporten og krev raskare kutt av utslepp frå kol, olje og gass for å avgrense oppvarminga.
– No handlar alt om å avgrense skadane og få temperaturen raskast mogleg ned igjen, seier leiar Haldis Tjeldflaat Helle i Greenpeace Noreg.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #115751](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/PNrv3LOHmBw.jpg)



0 kommentarer