– Dette er ein spesiell augneblink i historia vår, og det gjer djupt inntrykk, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NRK.
Støre skulle eigentleg ha reist til Tyskland torsdag kveld, men kansellerte besøket hos den tyske forbundskanslaren etter meldinga om at helsesituasjonen til kongen hadde endra seg til svært alvorleg torsdag formiddag. I ettermiddag sende kongehuset ut melding om at situasjonen var uendra.
– Eg trur vi kan seia at eit heilt folk vaker for kongen sin og følgjer veldig nøye med, seier Støre.
Statsministeren hadde også fått med seg at mange oppsøkte Slottsplassen med blomstrar og lys i løpet av torsdagen.
– Eg synest det er rørande, og eg tenkjer det er ei ny stadfesting på kva posisjon kong Harald har i det norske folket. Eg trur folk har oppfatta at han er veldig nær oss, og at vi vil vera veldig nær han i den situasjonen han er i no, seier Støre til TV 2.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #113455](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/7qWab2-ulw4.jpg)



0 kommentarer