– Det er framleis stabil driftsstatus i løysingane. ID-porten har framleis avgrensingar, heiter det i den siste statusoppdateringa frå Digdir klokka 18.17.
Angrepet som starta natt til måndag, er det tredje og største på kort tid. Ti tenester har vore ramma, blant dei ID-porten, MinID, Altinn og E-innsyn.
– Det siste om situasjonen no onsdag morgon er at angrepet enno er i gang, løysingane er oppe og går og stabile, men vi jobbar framleis med å handtera angrepa, seier pressevakt Are Kvistad i Digdir til NTB.
Dette har ifølgje han også vore situasjonen natta gjennom.
Ifølgje den siste oppdateringa klokka 1.40 natt til onsdag har angrepet halde fram stort sett heile tysdagen med unntak av ein liten pause.
– Leverandørane på eSignering har sett i verk tiltak, slik at denne tenesta fungerer som normalt igjen no.
– ID-porten har framleis avgrensingar, og vi veit at det allereie er og byrjar å bli kritisk for fleire kundar og tenester. Vi har dessverre ikkje noko estimat for når vi kan sleppa opp endå litt meir.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #112743](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/eAdNAVnB9is.jpg)



0 kommentarer