USA terrorstemplar Palestine Action

av | 26. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-AFP): USA gjer som Storbritannia og set aktivistgruppa Palestine Action på lista over terrororganisasjonar.

Ein talsperson for det amerikanske utanriksdepartementet omtaler den britisk-baserte gruppa som «ei valdeleg og ytterleggåande venstreorientert terrorgruppe».

Palestine Action vart grunnlagd i 2020 og har dei siste åra gjennomført ei rekke demonstrasjonar i Storbritannia i protest mot Israels krigføring mot palestinarane og støtta Israel får frå britiske styresmakter.

Har hausta kritikk

Britiske styresmakter terrorstempla gruppa i 2025, og over 2000 menneske i alle aldrar er sidan pågripne under fredelege demonstrasjonar.

Deltaking i gruppa kan straffast med opptil 14 års fengsel i Storbritannia.

Avgjerda om å terrorstempla gruppa har fått sterk kritikk frå menneskerettsorganisasjonar som Amnesty International og Human Rights Watch.

Vann fram

Palestine Action har gått rettens veg i Storbritannia med krav om at terrorstemplinga må opphevast.

High Court i London meinte i februar at forbodet var eit inngrep mot ytringsfridommen, og at terrorstemplinga var feilaktig.

Det britiske innanriksdepartementet anka og fekk i juni medhald.

Varslar anke

Grunnleggjaren av gruppa, Huda Ammori, varsla då ein anke til britisk høgsterett og sa at saka om nødvendig vil bli lagd fram for Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD).

USA sette onsdag også den Italia-baserte gruppa Autistici/Inventati (også kjent som A/I Collective) og den propalestinske gruppa Masar Badil på si liste over terrororganisasjonar.

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar