(NPK-NTB): Norgesgruppen kan visa til ein stor auke i driftsinntektene det siste halvåret. Inntektene kjem likevel i følgje med auka utgifter.
69,3 milliardar kroner er fasiten i driftsinntekter første halvår, opplyser Norgesgruppen i ei pressemelding. I fjor var summen 60,4 milliardar.
Etter skatt er resultatet likevel lågare enn i same perioden i fjor og har sokke frå 1,8 til 1,7 milliardar.
Det kjem mellom anna av oppkjøpet av Norsk Medisinaldepot, som eig Vitusapotek.
1,1 millionar fleire handlar vart gjennomførte i daglegvarebutikkane til Norgesgruppen denne våren samanlikna med i fjor.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #113027](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/ED0_w55oPIE.jpg)



0 kommentarer