Eksplosjon i Øygarden – éin død, to skadde

av | 25. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Éin person er død og to er skadde etter ein eksplosjon og brann i eit bygg med fleire leilegheiter på Straume i Øygarden.

Det seier innsatsleiar Ørjan Djupvik til Bergens Tidende (BT).

– I leilegheita er det dessverre funne ein død person. Vi har grunn til å tru at det er den sakna, og vi har varsla dei næraste pårørande, seier han.

I tillegg er ein ambulansearbeidar og ein bebuar skadde. Dei vart tekne med til traumemottaket på Haukeland universitetssjukehus med ukjent skadeomfang.

Etterforskar

Det var klokka 13.18 politiet vart varsla via Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK om ein eksplosjon og ein brann i eit bustadkompleks på Foldnes ved Straume i Øygarden.

Ein ambulanse var då allereie på veg for å få kontakt med ein mannleg bebuar i tjueåra, noko dei ikkje lykkast med. Dei vart då møtte av ein eksplosjon og ein brann på staden, så kraftig at delar av bygget ligg spreidde rundt etter eksplosjonen.

Bustadkomplekset omfatta fire bueiningar, som alle er nedbrende. Krimteknikarar jobbar no på staden.

– Ingen er sikta eller mistenkte, men vi etterforskar opp mot mogleg straffbart forhold og alvorleg hending. Ein hypotese er at dette er ei vilja handling, seier politiadvokat Bernt Dahlsveen til BT tysdag kveld.

– Vegg blåsen ut

Innsatsleiar i brannvesenet Jan Aase seier til Bergensavisen at ein heil vegg mellom anna var blåsen ut.

Han seier også at brannvesenet har ein teori om årsaka til brannen.

– Det vi går ut frå, er at det kan vera gass, propangass. Men det er førebels berre antakingar, seier Aase.

Bombegruppa vart varsla om hendinga, og det vart også oppretta tryggingssone.

Eit parkeringshus like ved Straume helsesenter vart også sperra av, dette i samband med etterforskinga av saka. Ifølgje BA undersøkte politiet ein bil som kan ha tilknyting til mannen på adressa, som ein går ut frå er den omkomne.

Politiet understrekar at det ikkje er noko som indikerer ytterlegare fare for eksplosiv.

(©NPK)