(NPK-NTB): To er skadde og éin er sakna etter ein eksplosjon og brann i eit bygg med fleire leilegheiter på Straume i Øygarden.
Det er ein ambulansearbeidar og ein bebuar som er skadde, opplyser politiet i politiloggen. Dei er tekne med til traumemottaket på Haukeland universitetssjukehus.
Nødetatane rykte ut etter melding om ein eksplosjon og brann i eit bygg med fire leilegheiter tysdag ettermiddag. Alle nødetatane og luftambulanse rykte ut til staden. Dei beskriv ein kraftig eksplosjon.
– Delar av huset ligg spreidd rundt etter eksplosjonen, seier Tore Fanebust, vaktleiar i 110 Vest til VG.
Ein sakna
Politiet har kontroll på alle dei registrerte bebuarane bortsett frå ein mann i tjueåra.
– Vedkommande er sakna. Det er starta søk i nærområdet, opplyser innsatsleiar i politiet Ørjan Djuvik til Bergens Tidende (BT).
Brannvesenet melder no at dei har kontroll på brannen, og at det ikkje er spreiingsfare. Alle dei fire leilegheitene er nedbrende. Likevel melder politiet at dei har sperra av eit parkeringshus i området.
Operasjonsleiar Frode Kolltveit opplyser i politiloggen at det er oppretta ei tryggingssone på 150 meter. Årsaka til eksplosjonen og brannen er førebels ukjend.
Bombegruppa varsla
Djuvik seier til BT at bombegruppa er varsla. Det er uvisst om hendinga er ei ulykke eller ei vilja handling.
Politiet melde først om hendinga like etter klokka 13.30.
(©NPK)



0 kommentarer