Statsforvaltaren vil setja Tromsø på verstingliste

av | 25. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Tromsø kommune kan bli underlagd statleg økonomisk kontroll. Statsforvaltaren meiner kommunen bør inn i Robek-registeret etter å ha levert dundrande underskot i fleire år.

– Kommunen oppfyller dermed vilkåret for innmelding i Robek, skriv statsforvaltar Runar Sjåstad i Troms og Finnmark i eit brev til Kommunal- og distriktsdepartementet, ifølgje NRK.

Den største byen i Nord-Noreg har slite med kommuneøkonomien i fleire år og har dessutan opparbeidd seg ei betrakteleg gjeld.

– Vi ventar no på avgjerda frå departementet. Same kva avgjerda blir, er den økonomiske situasjonen i Tromsø kommune alvorleg. Vi må styrkja den økonomiske styringa og få økonomien i balanse, seier kommunedirektør Ellen Beate Lundberg i Tromsø i ei pressemelding.

Robek-registeret inneber fullstendig eller delvis statleg kontroll over kommuneøkonomien inntil det er orden i tala igjen. Per i dag er 34 av dei 357 kommunane i Noreg på lista, og dei fleste er ganske små.

Også Karasjok er på veg inn på lista, skriv NRK, medan Kautokeino er på veg ut.

(©NPK)