– Vi ser at folks privatliv og personvern blir sett under press av ny teknologi. Eg vil derfor regulera smartbriller og liknande einingar strengare enn i dag, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap) i ei pressemelding.
Set inn ekspertgruppe
Tung fortel også at ho vil setja ned ei ekspertgruppe som skal gi råd til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet om regulering av ny og kraftig teknologi, som smartbriller.
– Det er ein klar trend at kunstig intelligens blir kombinert med kamera og mikrofon, som blir bygde inn i ting som briller, øyreproppar, kapsar og ting vi menneske bruker til dagleg. Då må vi unngå at utstyret blir brukt til å overvaka andre i det offentlege rommet, seier ministeren.
Ekspertgruppa skal finna alternativ og forslag til reguleringar av smartbriller og andre einingar som no kjem med kamera. Regjeringa vil deretter greia ut og senda på høyring eventuelle forslag til nye reguleringar.
Tung oppmodar leiarar i offentleg og privat sektor til å vurdera om det skal vera lov eller ikkje å bruka smartbriller i deira lokale og på deira arbeidsplass.
Enormt potensial for misbruk
Fagdirektør Finn Myrstad i Forbrukarrådet seier til NTB at dei er glade for at regjeringa no varslar at dei vil sjå på eit forbod mot teknologi som mogleggjer ansiktsgjenkjenning i det offentlege rommet.
Vidare understrekar han at potensialet for misbruk er enormt, og at Forbrukarrådet ventar at ekspertgruppa også tek opp dette.
– Vi oppmodar brillebutikkane som sel desse produkta, til å stansa salet inntil det er avklart om brillene er lovlege. Vi er også overraska over at kjedene i det heile har valt å inngå denne typen samarbeid med Meta, seier Myrstad.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #112444](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/obXzqwTn63M.jpg)



0 kommentarer