Trass i gjentekne meldingar om forsyningstrøbbel og sviktande psykisk helse blant mannskapet om bord, har USS Abraham Lincoln vore på sjøen i over 200 dagar i strekk.
Dette skal vera rekord og den lengste samanhengande utplasseringa i moderne tid, ifølgje fleire demokratiske kongressmedlemmer.
Skipet har eit mannskap på om lag 5000 sjøfolk og marinesoldatar. Militæravisene Stars and Stripes og Navy Times har rapportert om fleire sjølvmordsforsøk og søkkande moral om bord den siste tida som følgje av den lange tida til sjøs.
Forsvarsminister Pete Hegseth meiner avisene «fullstendig feiltolkar» forholda om bord.
Skipet forlét heimehamna i San Diego i California i november i fjor, og det vart omdirigert til Midtausten i forkant av USAs krig mot Iran. USS Abraham Lincoln vart erstatta av USS George Washington torsdag førre veke og segla frå Midtausten laurdag.
Talspersonar for den thailandske marinen og den amerikanske ambassaden i Bangkok har ikkje vilja kommentera saka overfor Reuters tysdag.
Thailand er den einaste traktatpartnaren på det asiatiske fastlandet.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #112464](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/E0BHetH_0SE.jpg)



0 kommentarer