Adrian Lund får Tabuprisen for openheit om Tourettes syndrom

av | 25. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Foredragshaldaren og TV-personlegdommen Adrian Lund får Tabuprisen 2026 av Rådet for psykisk helse.

Prisen blir tildelt for openheita hans om skam og utanforskap og innsatsen hans for å bidra til meir kunnskap om Tourettes syndrom.

Lund er ein anerkjend foredragshaldar og har delteke i seriar som «Tabu» med Lars Berrum og «71 grader nord».

– Her deler Adrian med ein heil nasjon, saman med tre andre menneske med Tourettes syndrom, ope og sårbart om konsekvensane av å ha ei synleg og høyrbar liding – ei liding som ofte kan bli misforstått, skriv Rådet for psykisk helse i ei pressemelding.

– Uavhengig av om ein har tourette, sit i rullestol, er introvert eller har ei usynleg liding, så håpar eg at mi eiga openheit kan bidra til at fleire vågar å vera sine eigne ambassadørar, seier prisvinnaren sjølv.

Tabuprisen er ein heiders- og ærespris frå Rådet for psykisk helse, som kan tildelast personar, organisasjonar og/eller verksemder som gjennom ord og handling gjer ein innsats for å byggja ned fordommar om psykisk helse, bryta tabu, fremje inkludering, omtanke og openheit om psykisk helse.

(©NPK)