Amerikansk militærfly landa i Moskva

av | 25. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-Reuters): Eit transportfly frå det amerikanske militæret flaug tysdag morgon frå Riga til den russiske hovudstaden Moskva.

Transportflyet av typen Boeing C-17A tok av like før klokka 8 norsk tid frå Riga i Latvia med kurs austover. Litt over ein time seinare landa det ved Vnukovo-flyplassen i Moskva, viser opne flydata delte av Flightradar24.

Ein talsperson ved det russiske presidentkontoret seier likevel at dei ikkje har noko informasjon om den uvanlege flyginga, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Flyet kom frå Andrews-flybasen nær Washington til Riga 23. august, ifølgje flyovervakingstenesta. Flybasen blir ofte brukt når regjeringsmedlemmer reiser frå hovudstaden.

Førre gong eit amerikansk fly flaug til Russland frå Europa, var i januar, då spesialutsending Steve Witkoff og svigersonen til president Trump, Jared Kushner, deltok i samtalar med Russlands president Vladimir Putin.

Førre veke sa Kreml at det ikkje var nokon informasjon om nye besøk til Moskva frå Kushner og Witkoff. Styresmaktene viste til at fredssamtalane om Ukraina i stor grad har stoppa opp etter at USA gjekk til krig mot Iran saman med Israel.

(©NPK)