– I dag fekk vi informasjon frå den amerikanske sida om møta som har funne stad i Moskva desse dagane. Det var fleire møte der, skriv Zelenskyj på Telegram, men utan å gi detaljar om kven som var med på møta, eller kva som vart diskutert.
– Eg takkar dei for informasjonen og for den nødvendige tonen i samtalane med Russland, legg Zelenskyj til.
CIA-sjef John Ratcliffe flaug til Moskva tysdag for å møta den russiske motparten Sergej Narysjkin. I møtet åtvara han Russland mot å gå til angrep på Nato-land, skreiv The Wall Street Journal denne veka.
Fleire medium omtalte fredag utsegner frå stabssjefen til Zelenskyj, Kyrylo Budanov, om at eit nytt trepartsmøte mellom Russland, Ukraina og USA kan finna stad allereie i september. Det ønskjer ikkje leiinga i Kreml å kommentera.
Den nære rådgivaren til Vladimir Putin, Jurij Usjakov, seier han har sett artiklane, men at han ikkje kan seia noko konkret.
Den førre runden med trilaterale samtalar fann stad i februar, før USA og Israel gjekk til angrepskrig mot Iran. Sidan då har russiske og ukrainske representantar berre hatt sporadiske samtalar med amerikanarane.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #114111](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/G4EX9SwFPjA.jpg)



0 kommentarer