(NPK-NTB-AP): Trimbos-instituttet i Nederland åtvarar mot ei ecstasypille som er forma som hovudet til USAs president Donald Trump.
Pilla kan vera grøn eller gul på den eine sida, medan baksida har ein annan farge med påskrifta «NL» og «Trump».
– Ikkje bruk desse pillene under nokon omstende, åtvarar det anerkjende instituttet, som spesialiserer seg på rusavhengnad og mental helse.
Verkestoffet i pilla er i motsetning til andre ecstasypiller sakteverkande. Det kan føra til at brukarane tek fleire piller og dermed tek overdose, ifølgje instituttet. Det kan vera dødeleg.
Instituttet har likevel ikkje registrert nokon dødsfall eller alvorlege skadar som følgje av pilla førebels.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #114080](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/FLQSKhCtFL0.jpg)



0 kommentarer