Noreg vil trassa EU-nei til oljeboring i Arktis

av | 24. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Noreg vil halda fram med å bora etter olje i Barentshavet sjølv om EU vedtek mellombels stans i oljeboring i Arktis, seier energiminister Terje Aasland (Ap). SV, MDG og Venstre steglar.

Noreg reknar seg ikkje lenger som Europas «grøne batteri», seier Aasland i eit intervju med nyheitsbyrået Reuters i forkant av den store oljemessa ONS i Stavanger.

– I dagens geopolitiske og tryggingsmessige situasjon og gitt ressurssituasjonen så meiner eg at vidare aktivitet i Barentshavet tener både norske og europeiske interesser, seier Aasland.

Omgrepet «grønt batteri» er brukt om eit konsept der norsk vasskraft skulle balansera variabel straumproduksjon i EU via utanlandskablar. Men Aasland kallar denne ideen utdatert og feilslått.

Oppdatert strategi

EU skal i haust vedta ein oppdatert Arktis-strategi. I den noverande strategien tek EU til orde for eit moratorium – ein mellombels stans – på all petroleumsaktivitet i Arktis, definert som området nord for polarsirkelen.

Det er førebels uvisst om oljemoratoriet vil bestå i den oppdaterte strategien.

Russlands fullskalakrig mot Ukraina har sendt Noreg i tet når det gjeld gassforsyninga til Europa, der Noreg åleine står for 30 prosent av tilførselen av gass til EU og Storbritannia. Og i fjor nådde norsk gassproduksjon eit rekordhøgt nivå.

– Vil utvikla

Ifølgje Aasland er det målet for Noreg å halda produksjonen og eksporten av olje og gass på dagens nivå.

– Vi vil utvikla desse områda (i Barentshavet, red.mrk.), så får det vera opp til EU om dei vil ha eit moratorium på å kjøpa denne gassen eller olja, seier Aasland.

Måndag vart det også kjent at Equinor og det Düsseldorf-baserte energiselskapet Uniper har inngått ein 15-årig avtale om årlege leveransar av rundt 2,8 milliardar kubikkmeter naturgass til Tyskland.

– Ingen skruplar

Utsegnene til energiministeren får både SV, MDG og Venstre til å sjå raudt.

– Det er ingen grenser for oljeiveren til regjeringa. Dei har ingen skruplar, sjølv ikkje med å bora i sårbar arktisk natur. Skogbrannane i sommar, hetebølgjene og mange tusen dødsfall må føra til ei radikal endring av norsk oljepolitikk, seier miljøpolitisk talsperson for SV Lars Haltbrekken til NTB.

– Dei siste åra har regjeringa køyrt ein intens lobbykampanje mot miljøreglane i EU. Anten det er vassdirektivet, som stansar dumping av gruveavfall i reine norske fjordar, eller mellombels forbod mot oljeboring i sårbare havområde langt nord, seier han.

– Ikkje tru på Støre

Frøya Skjold Sjursæther i MDG omtaler i eit intervju med den Brussel-baserte nyheitsnettstaden EU Observer lobbyverksemda til regjeringa for å få EU til å droppa oljemoratoriet som «sjokkerande».

– Ikkje tru på statsministeren (Jonas Gahr Støre, red.mrk.). Han har ikkje deira beste i tankane, seier ho.

Også Venstre reagerer på utsegnene til Aasland.

– Å halda fram oljeboringa i Barentshavet dersom EU går inn for eit moratorium i Arktis, er heilt spinnvilt. Arktis er eit sårbart naturområde vi bør verna, ikkje bora i. Dette viser ei regjering med større tru på oljealderen enn på at Europa har evne til å omstilla seg. Vi kan betre enn dette, seier stortingsrepresentanten til partiet, Grunde Almeland.

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar