Svenske parlamentarikarar nekta innreise i Israel

av | 24. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-AFP): Israel stansa søndag to svenske medlemmer av EU-parlamentet på flyplassen i Tel Aviv og nekta dei innreise til landet.

Jonas Sjöstedt og Hanna Gedin, som tilhøyrer det svenske Vänsterpartiet, skulle etter planen besøkja den okkuperte Vestbreidda.

Det israelske utanriksdepartementet stadfestar at dei to EU-parlamentarikarane vart nekta innreise og grunngir dette med at dei «konsekvent har handla mot Israel», mellom anna ved å krevja internasjonale rettslege steg mot landet.

– Ved fleire høve har dei spreidd falske skuldingar mot Israel, mellom anna påstandar om folkemord, medviten utsvelting og målretta angrep på barn og helsepersonell, heiter det i ei fråsegn frå departementet.

FNs uavhengige granskingskommisjon for Palestina konkluderte i juni med at Israel hadde gjennomført målretta angrep mot palestinske barn på Gazastripa.

I september i fjor konkluderte FN-granskarane med at Israel har gjort seg skuldig i folkemord i Gaza, og Den internasjonale domstolen (ICJ) har opna sak for å avklara om landet har brote FNs folkemordkonvensjon.

(©NPK)