Noreg vil trasse EU-nei til oljeboring i Arktis

av | 24. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-Bibiana Dahle Piene): Noreg vil halde fram med å bore etter olje i Barentshavet sjølv om EU vedtek eit moratorium på oljeboring i Arktis, seier energiminister Terje Aasland (Ap). SV steglar.

Noreg reknar seg ikkje lenger som Europas «grøne batteri», seier Aasland i eit intervju med nyheitsbyrået Reuters i forkant av den store oljemessa ONS i Stavanger.

– I dagens geopolitiske og tryggingsmessige situasjon, og gitt ressurssituasjonen, så meiner eg at framleis aktivitet i Barentshavet tener både norske og europeiske interesser, seier Aasland.

Oppdatert strategi

EU skal i haust vedta ein oppdatert Arktis-strategi. I den noverande strategien tek EU til orde for eit moratorium – ein mellombels stans – på all petroleumsaktivitet i Arktis, definert som området nord for polarsirkelen.

Det er førebels uvisst om oljemoratoriet vil bestå i den oppdaterte strategien.

Russlands fullskalakrig mot Ukraina har sendt Noreg i tet når det gjeld gassforsyninga til Europa, der Noreg åleine står for 30 prosent av tilførselen av gass til EU og Storbritannia.

Rekord

I fjor nådde norsk gassproduksjon eit rekordhøgt nivå.

Ifølgje Aasland er det Noregs mål å halde produksjonen og eksporten av olje og gass på dagens nivå.

– Vi vil utvikle desse områda (i Barentshavet, red.mrk.), så får det vere opp til EU om dei vil ha eit moratorium på å kjøpe denne gassen eller olja, seier Aasland.

Utsegnene får budsjettpartnaren til regjeringa SV til å stegle.

– Ingen skruplar

– Det er ingen grenser for oljeiveren til regjeringa. Dei har ingen skruplar, sjølv ikkje med å bore i sårbar arktisk natur. Skogbrannane i sommar, hetebølgjer og mange tusen dødsfall må føre til ei radikal endring av norsk oljepolitikk, seier miljøpolitisk talsperson for partiet Lars Haltbrekken til NTB.

– Dei siste åra har regjeringa køyrt ein intens lobbykampanje mot EUs miljøreglar. Anten det er vassdirektivet som stansar dumping av gruveavfall i reine norske fjordar, eller mellombels forbod mot oljeboring i sårbare havområde langt nord, påpeikar han.

Måndag vart det også kjent at Equinor og det Düsseldorf-baserte energiselskapet Uniper har inngått ein 15-årig avtale om årlege leveransar av rundt 2,8 milliardar kubikkmeter naturgass til Tyskland.

(©NPK)