Forbundet Styrke braut forhandlingane med NHO Luftfart 11. juni.
– NHO Luftfart står ved krav som vil svekkje lønns- og arbeidsvilkåra til dei tilsette. I tillegg vil dei svekkje lønnsgarantiar for nye bedrifter på avtalen, som i dag er der for å skape konkurranse på like vilkår, seier Styrkes forhandlingsleiar Christopher Talgø i ei pressemelding.
Styrke har i første omgang varsla eit avgrensa streikeuttak med medlemmer som har administrative oppgåver i helikopterselskapa. Straks vil ikkje ein streik blant desse få konsekvensar for flygingane til helikopterselskapa, men forbundet varslar at dei raskt kan trappe opp ein eventuell streik.
Viss partane ikkje blir samde, blir det streik frå 22. august.
Styrke har allereie meldt at dei vil trappe opp streiken frå 26. august.
I det andre streikeuttaket tek forbundet ut fire medlemmer til. Då kan totalt åtte medlemmer vere i streik, skriv Styrke i ei pressemelding.
Utvidinga kan gi forseinkingar i tilbringartrafikken til sokkelen, men vil ikkje få konsekvensar for beredskap eller søk- og redningstenesta, står det vidare i meldinga.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #111388](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/y0Y0SHL5iAo.jpg)


0 kommentarer