Politiet utvidar siktinga i drapssaka på Jæren

av | 21. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Politiet utvidar siktinga mot mannen som er sikta for å ha drepe Maren Sømme på Nærbø på Jæren. Han blir også kravd varetektsfengsla i fire nye veker.

– Det er no teke ut sikting også for brot på straffelova paragraf 282 om mishandling i nære relasjonar. Politiet meiner mistanken om at den sikta har utøvd vald mot Sømme er styrkt, og at denne valden kan ha gått føre seg over tid, seier politiadvokat Fredrik Martin Soma i Sørvest politidistrikt i ei pressemelding.

Maren Sømme vart funnen med det politiet skildra som omfattande skadar i heimen sin på Nærbø 26. juli, og ho døydde på sjukehuset dagen etter.

Kjærasten hennar, ein mann i 30-åra, vart i ettertid sikta for drap og varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod. Han nektar straffskuld.

Begge påverka av rusmiddel

Politiet har enno ikkje teke imot den endelege obduksjonsrapporten. Denne er tidlegast venta å liggja føre om fire–seks veker.

Politiet har likevel teke imot ein toksikologisk rapport, og dei opplyser at denne viser at både den sikta og den fornærma var påverka av rusmiddel.

– Om fornærma si ruspåverknad har hatt noko å seia for dødsårsaka, vil bli nærare belyst i den endelege obduksjonsrapporten, seier Soma.

Ferdige på åstaden

Politiet er ferdige med dei kriminaltekniske undersøkingane på åstaden.

– Det står likevel framleis att mykje etterforsking i saka, både teknisk og taktisk, under dette vitneavhøyr og gjennomgang av andre spor og opplysningar i saka, skriv politiet i pressemeldinga si.

(©NPK)