Namnet «Doris Miller» vart kunngjort under Donald Trumps første presidentperiode i 2020, skriv CNN. Dei siterer tre anonyme kjelder.
Ifølgje CNNs kjelder er planen å namngje eit anna, nytt krigsskip etter Miller. Det er uklart kva det nye namnet på skipet skal bli, men to av kjeldene melder at det kan bli oppkalla etter Trump.
Å kalle opp marineskip etter levande menneske har historisk vore tabu i USA, og å kalle opp eit hangarskip etter ein sitjande president vil vere heilt utan sidestykke i amerikansk historie.
Miller jobba i byssa på eit av skipa som vart angripne av Japan i Pearl Harbor 7. desember 1941, ein av få stillingar i marinen som var opne for svarte på den tida. Han gjorde ein oppsiktsvekkjande innsats under angrepet med å forsvare skipet og hjelpe medsjøfolk medan det sokk.
Ei moglegheit som blir diskutert, er ifølgje CNN å gi Miller USAs høgaste militære utmerking, Medal of Honor. Etter planen skal kjølstrekkinga – altså første del av bygginga – til skipet finne stad seinare i år.
Det amerikanske forsvarsdepartementet ville ikkje kommentere saka.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #111333](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/zsswXgpdT-M.jpg)



0 kommentarer