Trump seier han skal møte Kim Jong-un i år

av | 19. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-TT): Trump seier han vil møte Nord-Koreas leiar Kim Jong-un i år. Uttalen kjem samtidig som det går føre seg ei militærøving med USA og Sør-Korea som vart korta ned på ordre frå Trump.

Under ei pressevisning av heliporten som blir bygd på plenen framfor Det kvite hus onsdag, vart USAs president Donald Trump spurt om han skal møte Nord-Koreas leiar Kim Jong-un seinare i år.

– Ja, det kjem eg til, svarte Trump.

Det vil i så fall vere første gong i Trumps noverande presidentperiode at dei to møtest.

Kims søster: Ikkje verdt å kommentere

Utspelet kjem etter at USAs igangverande militærøving med Sør-Korea plutseleg vart forkorta og blir avslutta ei veke tidlegare enn planlagt.

– Vi reknar det ikkje som verdt å kommentere, og vi finn det fullstendig uinteressant, seier Kim Yo-jong, Kim Jong-uns søster, om den nedskalerte øvinga til statlege medium onsdag.

– Øvingas provokative og aggressive natur vil ikkje endrast sjølv om lengda og omfanget blir redusert, legg ho til.

Anstrengt forhold

Forholdet mellom USA og Sør-Korea er akkurat no anstrengt. Trump har kalla militærøvingane i landet for kostbare, og han har også sagt at dei sender signal som er upassande og fiendtlege overfor Nord-Korea. Samtidig har Trump skildra Sør-Korea som ein dårleg alliert sidan dei har avvist å hjelpe USA i krigen mot Iran.

Donald Trump og Kim Jong-un møttest tre gonger i Trumps første presidentperiode, og den amerikanske presidenten har ved fleire høve uttalt seg smigrande om diktatoren.

(©NPK)