NPK-NTB-AFP): Seks menneske er drepne, blant dei eit barn, i eit israelsk luftangrep mot hamna i Gaza by, opplyser palestinske sjukehuskjelder.
Det israelske militæret seier dei har gjennomført eit presisjonsangrep mot det dei omtalar som fleire Hamas-kommandantar.
Kjelder ved Shifa-sjukehuset i Gaza by har oppgitt til journalistar i Al Jazeera at seks personar er drepne, blant dei eit barn.
Tidlegare vart det meldt at fem personar var drepne.
(©NPK)




0 kommentarer