Ekstilsett i Stordalen-selskap fengsla for grovt underslag

av | 17. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Ein mann som tidlegare var tilsett i Petter Stordalens Strawberry Group, er fengsla og har tilstått grovt underslag frå selskapet.

Saka vart meld førre veke, og mannen vart pågripen fredag kveld, skriv VG.

– Han erkjenner straffskuld for grovt underslag. Han samarbeider med politiet for å oppklare saka fullstendig, seier forsvarar Bjørn Rudjord i Elden Advokatfirma til avisa.

Underslaget er på fleire millionar kroner, og mannen har over ein periode jobba tett på Stordalen, skriv VG og Dagens Næringsliv.

Søndag vart han varetektsfengsla i éi veke på grunn av fare for bevisøydelegging. Oslo tingrett opplyser at delar av utbyttet har falle til andre personar, og politiet planlegg no ransakingar og nye avhøyr.

Strawberry ønskjer ikkje å gå inn på detaljar i saka.

– Det dreier seg om ei personalsak med ein tidlegare tilsett. Saka blir no etterforska av politiet, og av den grunn kan vi ikkje gi fleire kommentarar, seier kommunikasjonsdirektør Bettina Flatland til VG.

Politiet stadfestar at dei har fått meldinga.

– Vi er i ein tidleg fase av etterforskinga, og av omsyn til den vidare etterforskinga ønskjer vi ikkje å seie noko meir om saka på noverande tidspunkt, skriv politiadvokat Nora Stavn Nokhart i ein SMS til avisa.

(©NPK)