Medium: Burnham utveksla meldingar med falsk stabssjef

av | 17. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-AP): Storbritannias ferske statsminister Andy Burnham skal ha utveksla meldingar med ein person som gav seg ut for å vere Susie Wiles, Donald Trumps stabssjef i Det kvite hus.

Personen var likevel ikkje Wiles, men ein bedragar, skriv fleire medium. Nyheitsnettstaden Politico førte saka først, med fire embetsfolk som kjelder.

Burnhams kontor i Downing Street vil ikkje uttale seg om saka og viser til at ho dreier seg om nasjonale tryggingsomsyn.

Ei av Politicos kjelder seier at det vart utveksla nokre få beskjedar som ikkje var spesielt viktige. Burnham skal så ha fått mistanke om at noko var gale, og stansa kommunikasjonen.

(©NPK)