Erdoğan: EU-medlemskap ikkje lenger ein prioritet for Tyrkia

av | 17. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Å oppnå medlemskap i EU er ikkje lenger ein prioritet for Tyrkia, seier president Recep Tayyip Erdoğan.

Erdoğan kjem med utsegnene i eit intervju med kringkastaren Al Jazeera.

Han legg samtidig til at dei ikkje har lukka døra heilt for å bli med i EU, men presiserer at det er EUs tap dersom Tyrkia framleis ikkje får bli med i unionen.

Tyrkia har vore kandidatland sidan 1999. EU starta forhandlingar med Tyrkia i 2005, men utan at det var særleg gode utsikter til at landet kunne bli EU-medlem. Fleire EU-land har tidlegare vist lita lyst til å sleppe Tyrkia inn.

Dei siste åra har forhandlingane stagnert. EU har mellom anna skulda Tyrkia for å undergrave rettsstaten og andre grunnleggjande verdiar som EU er tufta på. Forholdet vart spesielt vanskeleg etter kuppforsøket mot Erdoğan i 2016. Etter dette har titusenvis av menneske vorte fengsla, blant dei journalistar.

(©NPK)