Frp fryktar kraftkrise – partitopp opnar for gasskraftverk i «hagen»

av | 17. august 2026 | 0 kommentarer

Kraftsituasjonen i Noreg er ute av kontroll, meiner Frp. For å hindre eit mogleg kraftunderskot vil partiet børste støv av planane om gasskraftverk på Nord-Jæren.

– Regjeringa klarer ikkje å skaffe nok ny kraft, og vi importerer europeisk kraftunderskot. Vi er bekymra for at situasjonen vi har sett i Nord-Noreg, der industri ikkje får kraft, skal spreie seg til resten av landet, seier Framstegspartiets energipolitiske talsperson Kristoffer Sivertsen til NTB.

Frp meiner Noreg som energistormakt må utnytte eigne gassressursar for å sikre norsk industri billig straum. Om ikkje, ryk eit konkurransefortrinn som har vart i mange tiår, fryktar Sivertsen.

– Det vi ser no, er fullstendig meiningslaust. Norsk gass bidreg til å byggje industri og skape arbeidsplassar i Europa. Då er spørsmålet: Kvifor kan vi ikkje bruke gassen vår til å gjere akkurat det same i Noreg?

– Infrastrukturen ligg klar

Medan det tidlegare har vore fleire landbaserte gasskraftverk i Noreg, er det berre eitt større, permanent anlegg i drift i dag – Melkøya utanfor Hammerfest.

På spørsmål om kvar det neste store anlegget skal liggje, peikar siddisen Sivertsen kjapt på sitt eige nabolag.

– Det ligg infrastruktur i sjøen frå Kårstø over til Nord-Jæren som er klar til bruk. Samtidig er den marknaden som må bestemme. Det er infrastruktur fleire stader i Noreg som kan takast i bruk.

Gasskraftverk i Rogaland har vore freista tidlegare. Tidleg på 2000-talet planla Lyse å byggje eit gasskraftverk i Mekjarvik eller Risavika, men planane vart skrota. På Kårstø på Haugalandet vart eit gasskraftverk sett i drift i 2007, men låg lønnsemd gjorde at anlegget vart lagt ned ti år seinare.

– Må slutte å sløse

Sivertsen seier gasskraft kan etablerast relativt raskt, anten på land eller som flytande anlegg.

– Korleis skal dette finansierast? Statlege subsidiar, eller må private aktørar betale sjølv?

– Vi ønskjer ikkje å gå inn med subsidiar. Det vi skal gjere, er å gi tydelege styringssignal – at vi ønskjer å opne for gasskraftverk, og gi ja til dei aktørane som ønskjer å sikre seg kraft på den måten.

Sivertsen understrekar at vatn framleis skal vere fundamentet i det norske kraftsystemet, og at gass er meint som eit supplement for industriaktørar og kraftselskap som ønskjer det.

– Samtidig må vi slutte å sløse kraft på symbolsk klimapolitikk som til dømes elektrifisering av ferjer og lastebilar og subsidiar til havvind.

Ingen CO2-krav

Det er inga lettvint sak Sivertsen frontar. Gasskraftverk har vore ein av dei mest intense og langvarige politiske stridstemaa i norsk historie dei siste 50 åra.

I 2000 valde Kjell Magne Bondeviks regjering å gå av då Stortinget ikkje ville krevje reinsing av CO₂ for kommande gasskraftverk.

På landsmøtet i fjor vedtok Frp å tillate gasskraftverk utan krav om karbonfangst og -lagring. Kostnadene er for store, meiner partiet.

– Korleis skal ein då handtere utsleppa? Har de ein plan for det?

– Om ein bruker gassen i Noreg eller i Europa, så vil utsleppa vere like. Vi har berre éin atmosfære, så det vil ikkje påverke klimaet annleis. Europa treng all den gassen dei kan få, så utsleppa vil vere langt på veg dei same uansett, seier Sivertsen.

Åtvarar mot britiske tilstandar

– Olje og gass har ein renessanse no takka vere mellom anna Donald Trump. Du er ikkje redd for at vi investerer stort i ei næring som om 15-20 år er på veg til å bli fasa ut?

– No er ikkje eg såg veldig oppteken av kva Trump måtte meine om olje og gass, men det vi ser, er at det internasjonale energibyrået IEA har peika på ein auka etterspurnad fram mot 2050.

Sivertsen åtvarar samtidig mot å følgje i fotsporet til britane.

– Storbritannia har bygd ned eigen olje- og gassindustri, og importerer no gass frå Noreg, sjølv om ein kunne vore sjølvforsynt. Det er ein tabbe vi ikkje skal gjenta i Noreg.

SV: – Totalt uaktuelt

SVs energipolitiske talsmann, Lars Haltbrekken, er lite imponert over forslaget frå Frp.

– Etter hetebølgjene, brannane og dødsfalla i sommar i Europa som ei følgje av klimakrisa, må det vere totalt uaktuelt å byggje forureinande gasskraftverk, seier han.

Haltbrekken påpeikar at det heller ikkje er nokon som planlegg å byggje gasskraftverk i Noreg no.

– Dei einaste gasskraftplanane som finst er med fangst og lagring av CO2. Frp viser med forureiningsønska sine at dei ikkje følgjer med i energidebatten, seier han.

(©NPK)